1. Medlemssamling for LEVE sine medlemer 28. – 29. oktober

For 4. året på rad arrangerer vi helgesamling for våre medlemer på Sandane og vakre Gloppen hotell. Målet er i ei trygg ramme å samtale om ulike forhold knytt til sjølvmord, eigen situasjon (om det er ønskeleg), lytte til andre, finne trøyst og gode råd samt å nyte det gode måltidet og berre ha det fint saman.

Stad: Gloppen Hotell ( http://www.gloppenhotell.no/heim/)

Tid: 28. oktober kl 10:30 til 29. oktober kl 12:30

Pris: kr 750,- pr person. Prisen inkluderer opphald og måltid (inkl nydeleg middag om kvelden).

Påmelding: send mail til hauge@humanorg.no, eventuelt tekstmelding til 9909 8112 (Nils-Petter Hauge) snarast/seinast mandag 16. oktober.

  • I påmeldinga skriv du navn på den/dei som melder seg på (enkeltrom/dubbeltrom).
  • Gje samstundes beskjed dersom du har nokon matallergiar

 

 

 

 

 

 

LEVE, Sogn og Fjordane fylkeslag.

Medlemssamling på Gloppen Hotel

Laurdag 28.oktober

1030 – 1145        Velkomen / presentasjon. Fellesrom

1145 – 1230        Lunsj

12:30 – 1345      Innlegg/video & samtalar. Fellesrom og avlastningsrom. Innleiande innlegg frå bla styreleiar i

fylkeslaget/samtalar.

1345 – 1415        Pause

1415 – 1600       Samtalar. Fellesrom og avlastningsrom. Vi deler oss i to grupper dersom vi er mange.

1600 – 1615        Pause

1615 – 1700        Oppsummerande samtalar. Fellesrom

17:30                    Fellestur (frivilleg).  Jobbar med opplegg.

20:00                    Middag

 

Søndag 29. oktober

08:00 – 09:30         Frukost

09:30 – 12:00         Samling i fellesrommet, før vi deler oss i to grupper (fellesrom og avlastningsrom)

Medlemmene kan velje mellom to grupper:

Gruppe 1: Vidare samtalar i lys av innhaldet laurdag

Nils-Petter Hauge leiar samlinga.

Gruppe 2: «Sett farger på følelser og tanker». Anne Evjen Dahl leiar samlinga.

Kunstterapi benytter kreativ utfoldelse til å fremme fysisk, mental og følelsesmessig helse.

Du behøver ikkje kunne å teikne for å la indre stemninger få et uttrykk i form og farger. Det er ikke alle opplevelser som er så lett å beskrive med ord.

Teikningane blir grunnlaget for videre deling og samtale i gruppa.

Kunstterapeut og lege Anne Evjen Dahl leiar samlinga. Ho deltek også laurdag og deler sin historie med sjølvmord der. Då blir det også høve til å spørje meir om kva kunstterapi er.

 

 

 

 

Styret presiserer at medlemmene heile tida vurderer kva dei ønskjer å delta på gjennom desse to dagane. Vi har full forståing for at ein vil ta ein pause undervegs, kanskje gå ein tur, ha ein samtale med nokon i styret ol.

12:00                  Felles avslutning

12:15                       Takk for denne gong og vel heim

12:30               Fellestur Trivselsskogen ved interesse

 

Alt det beste frå alle oss i styret i LEVE, Sogn og Fjordane fylkeslag.

På facebook-sida vår (LEVE Sogn og Fjordane) finn du namna på alle styremedlemmene.