– Ingen ville snakke om det då pappa tok livet sitt
Openheit har hjelpt Eva til å hjelpe andre
FØRDE: Tolv år gammal opplevde Eva Pleym Lund (38) å miste far sin i
sjølvmord, men ingen i familien snakka om det som hadde skjedd. Først for
nokre år sidan greidde Lund å fortelje om pappaen som ikkje makta å leve
lenger.
Astrid Iren Solheim (astrid.solheim@firda.no)
Tolv år gammal mistar ei jente pappaen sin. Ein familie sit att i sjokk,
ingen snakkar om at ein far og ektemann ikkje greidde å leve lenger.
Sjølvmordet var hysj-hysj.
– I staden for å seie at pappa tok livet sitt, sa vi berre at han døydde av
sjukdom. Eg visste at det var noko gale sidan vi ikkje snakka om det som
hadde skjedd med pappa, men eg visste ikkje kva det var og kvifor det var
slik, seier Pleym Lund som i dag er fylkesleiar i Leve.
Ho kjem opphavleg frå Nord-Norge, men har dei siste åra budd på Refvik i
Raudeberg.
Sint på faren
– Sjølv ville eg gjerne snakka om det som hadde skjedd. Eg hadde så mange
spørsmål, så mykje eg lurte på, så mange kjensler, seier fylkesleiaren og
fortel om ei vanskeleg ungdomstid.
– Eg lurte på om det var normalt å føle alt det eg gjorde, lurte på om det
var vanleg å vere sint på pappa fordi han hadde reist ifrå oss. I staden for
at eg fekk svar på alle desse spørsmåla lagde eg mi eiga oppfatning om det
som hadde skjedd, og når folk spurte spørsmål om familien min sa eg berre at
far min hadde døydd av sjukdom. Sjølvmordet blei aldri nemnt, seier ho.
I dag er temaet som ein gong var tabu blitt noko 38-åringen snakkar ope om.
Dette har hjelpt ho til å hjelpe andre etterlatne.
– Men likevel er det ikkje så lett å snakke om at pappa ikkje makta å leve.
Det som skjedde meg som tolvåring vil følgje meg heile livet, seier Pleym
Lund.
– Folk snakka om oss
Pleym Lund merkar at det har blitt meir openheit om sjølvmord dei siste åra.
Og dette er bra, synest ho.
Då ho sjølv mista far sin opplevde ho at det ikkje var noko familien ville
snakka om. Heller ikkje folk rundt dei prata med familien om det triste som
hadde skjedd. Ingen snakka om det.
– Men dei prata om oss, og det var ikkje så lett, seier fylkesleiaren.
Først for nokre år sidan skjedde det som skulle gi 38-åringen ein ny kvardag:
ho greidde å snakke om faren sitt sjølvmord. Eit møte i Leve var det som
skulle snu det heile.
– Eigentleg var eg med nokon andre på møtet i Leve. Sjølv var eg fast bestemt
på at eg ikkje skulle snakka om han pappa. Men så fekk eg eit spørsmål om kva
eg sjølv hadde opplevd og då kom det ut. Eg fortalde alt. Og det var utruleg
godt. Etter det fekk eg eit heilt nytt liv, ein heilt ny kvardag, seier
38-åringen.
Ei annleis sorg
Sjølvmord har blitt mindre tabu og det har blitt lettare å prate om
temaet, merkar Pleym Lund.
– Men framleis er det ein høg terskel å snakke om sjølvmord og eg trur at
folk flest ikkje er så gode på å snakke om vanskeleg ting. Men i den siste
tida har det meir kunnskap om temaet gjort det lettare å snakke om det, seier
fylkesleiaren i Leve.
Å miste nokon i sjølvmord er ei annleis og verre sorg enn ved andre dødsfall
fordi det etterlatne sit att med så mange spørsmål, meiner ho.
– Det er verre fordi du føler at det går på ein sjølv som familie. Du lurer
på om du har gjort noko gale, om du ikkje gjorde nok for den som ikkje
greidde å leve lenger. Kjenslene er mange og såre, seier Pleym Lund som i dag
driv sitt eige gravferdsbyrå på Nordfjordeid.
Gi ein klem
– Send ei tekstmelding, gi ein klem, snakk med dei. Berre vis at du bryr deg,
det er det viktigaste du kan gjere når du møter nokon som har mista nokon i
sjølvmord, seier 38-åringen og legg til at det er viktig å halde fram med å
vise at du bryr deg- også etter den første sorgperioden.
– For mange er det lettare å snakke om det som har skjedd etter at det verste
sjokket har gitt seg, og då er det godt å ha folk rundt seg som ein kan
snakke med, seier Pleym Lund.
I dag har Leve i Sogn og Fjordane 33 medlemmer. Gruppa driv mellom anna Kafé
Leve, arrangerer møter og gir ut eit medlemsblad.
– Dei fleste medlemmene vi har melder seg inn etter ei god stund, for i
byrjinga har ein nok med si eiga sorg. Det er først etter ei stund at dei
etterlatne greier å snakke med andre som har opplevd det same, og då kjennest
det godt å dele si historie, seier 38-åringen som har fått mange positive
tilbakemeldingar på at ho er så open om det som skjedde faren hennar.
– Å vere open om mi historie har gjort meg sterk nok til å hjelpe andre som
har opplevd det same. Det kjennest godt, seier Eva Pleym Lund.
Sterk og open
– Å vere open har hjelpt meg til å vere sterk nok til å hjelpe og støtte
andre etterlatne. I dag har eg det godt, seier fylkesleiar i Leve i Sogn og
Fjordane, Eva Pleym Lund.
Pårørande har blitt opnare om sjølvmord
I 2007 tok ni personar livet sitt i Sogn og Fjordane
FØRDE: Fleire pårørande vel å vere opne om det når nokon i familien tek
livet sitt. Dette registrerer dei etterlatne sin organisasjon Leve som meiner
det er bra at temaet har blitt mindre tabu.
Astrid Iren Solheim (astrid.solheim@firda.no
)
Leve har merka at fleire og fleire pårørande vel å fortelje ope om kva som
har skjedd når det brått blir ein person mindre i familien.
I fjor registrerte politiet ni sjølvmord i Sogn og Fjordane. Dei fleste av
desse er yngre menneske.
Meir openheit
I eit land der det årleg er om lag 500 sjølvmord, synest Leve det er bra
at det har blitt meir openheit om samfunnsproblemet. – Vi ser den aukande
openheiten til dømes gjennom dødsannonsar i avisene der dei etterlatne vel å
skrive at den avdøde har valt å forlate livet. Også i media har både
sjølvmord og psykisk helse blitt meir omtalt og fleire vel å fortelje ope om
dette, seier Monika Litsheim, som sjølv er pårørande og medlem i fylkeslaget
i Leve.
Gjennom jobben på Førde sentralsjukehus har ho jobba mykje med unge vaksne
med psykiske problem. Gjennom dei siste åra har ho merka at temaet sjølvmord
har blitt mindre tabubelagt.
– Fleire pårørande vel å fortelje om det som har skjedd og det er bra fordi
openheit er med på å setje søkjelys på samfunnsproblemet, seier Litsheim som
understrekar at det slett ikkje kjennest rett for alle pårørande å vere like
opne.
Viktig å vere medmenneske
Psykolog på ungdomspsykiatrisk avdeling på Førde sentralsjukehus og
fagmedlem i Leve, Tonny Helgøy stiller seg bak dette og legg til at det finst
like mange måtar å sørgje på som det finst pårørande.
Men sjølv om fleire vel å vere opne om temaet, så er det slett ikkje alle
rundt dei som synest det er lett å prate med dei etterlatne.
– Mange kvir seg på å snakke med nokon som har mista eit familiemedlem i
sjølvmord, dei er kanskje redde for å seie noko feil eller dumt. Men å snakke
med personar som har mista nokon i sjølvmord er ikkje annleis enn ved andre
typar dødsfall, seier Litsheim og legg til at også mange gruar seg til å
snakke med personar som har prøvd å ta livet sitt.
Men også her er det viktig å snakke med personen det gjeld, understrekar dei.
– Handlinga vitnar om at han eller ho ikkje har det så bra, og det å ta
kontakt og snakke med personen handlar om å vere eit medmenneske og vise at
du bryr deg. Du kan ikkje teie eit sjølvmord eller eit sjølvmordsforsøk i
hel, seier Litsheim.
Viktig å ta kontakt
Ho trur folk kvir seg på å snakke med dei pårørande som har mista nokon i
sjølvmord fordi personen sjølv har valt å forlate livet. Dette er skremmande
i eit samfunn der det handlar om å leve lengst mogleg, meiner Litsheim.
Ifølgje ho ønskjer dei fleste etterlatne at folk tek kontakt og snakkar om
det som har skjedd, men likevel opplever ein del pårørande at det sosiale
nettverket endrar seg etter dødsfallet. Mange finn ut kven som verkeleg står
ein nær når dei opplever eit sjølvmord i familien, og fleire opplever at folk
trekk seg unna dei.
På nettsamfunnet Facebook registrerer Litsheim fleire sorggrupper etter eit
sjølvmord. Dette er også ein måte der dei etterlatne viser openheit og der
folk viser sorga si gjennom nettet.
Ei annleis sorg
– Dei etterlatne blir ikkje mindre etterlatne uansett kva du seier eller
ikkje seier til dei. Det viktigaste er at du viser at du bryr deg, meiner
Helgøy som har merka at yngre menneske greier betre å snakke om sjølvmord enn
eldre.
– Men samstundes har eg merka at eldre menneske som tidlegare har latt vere å
snakka om sjølvmord i familien, har letta på sløret i nyare tid fordi det har
blitt meir openheit om temaet, legg Litsheim til.
Sorga ved å miste nokon i sjølvmord er annleis enn andre typar sorg, og mange
pårørande sit att med mange spørsmål og ei kjensle av skuld etterpå.
– I eit samfunn der det årleg dør fleire i sjølvmord enn i trafikkulykker, er
det viktig å kunne snakka ope om temaet, meiner Tonny Helgøy og Monika
Litsheim.
Ni sjølvmord i 2007
FØRDE: Sidan 2001 har politiet registret 38 sjølvmord i Sogn og
Fjordane.
2007: 9
2006: 7
2005: 5
2004: 8
2003: 1
2002: 3
2001: 5
Kjelde: Politiinspektør Ronny Iden i Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ifølgje Ronny Iden kan det vere nokre feilkjelder i forhold til tala. Til
dømes kan ei sak bli registrert i ein annan rubrikk fordi det først seinare
viser seg å vere sjølvmord. I slike tilfelle er det ikkje alltid at tala blir
ført opp som sjølvmord, så difor kan tala vere noko høgre, opplyser Ronny
Iden.
Iden meiner det er vanskeleg å kommentere tala fordi dei er så små.
LEVE
Leve er landsorganisasjonen for etterlatne ved sjølvmord. Dei jobbar
mellom anna med å sikre aktiv hjelp og støtte til folk som har mista nokon i
sjølvmord
Foreningen arbeider aktivt for å skolere etterlatne til sjølv å danne og
drive sorggrupper lokalt. Driv også med opplysningsverksemd, og gir ut eit
medlemsblad.
Leve jobbar med å påverke og endre folk sine haldningar til sjølvmord og
etterlatne ved sjølvmord.
Kjelde: Leve
|